Artiklar > På besøk i Tom Cruise-hytta

På besøk i Tom Cruise-hytta

På besøk i Tom Cruise-hytta

Bli med Opplev Fjord på besøk i hytta der Tom Cruise budde då han var i Noreg.

Mange hugsar nok då Tom Cruise var i Noreg og spelte inn delar av Mission Impossible i 2020. Då budde superstjerna nemleg i hytta til Per Ola Ratvik i Valldal. Vi har vore så heldig å få ei omvising i hytta av Ratvik sjølv. 

Ratvik valde å byggje hytte i Valldal, då han hadde fleire gode venar her og ikkje minst på grunn av dei spektakulære omgjevnadane.


Hytta har han kalla for Bloksberg, og han har imponerande nok designa alt sjølv. Ratvik byr på mange spennande historier, både frå livet sitt og frå alt ein kan sjå rundt om på hytta. Han har mellom anna vore ein ivrig kunst-samlar, og har ei artig historie på lur for kvart kunstverk ein kan finne rundt om på Bloksberg. 

Klikk her for å sjå DEL 1 av besøket på hytta!

Inne i hytta finn ein flott kunst mellom anna frå ulike antikvitetsforretningar i verda.