Artiklar > På leiting etter slekta?

På leiting etter slekta?

På leiting etter slekta?

Fleire lokalhistoriske bøker og det heilt nye registeret for Ættebok for Norddal er til sals på servicetorga.

Register for Ættebok for Norddal

Fjord kommune har gleda av å presentere det heilt nye registeret for Ættebok for Norddal - ei etterlengta og nyttig utgiving for alle som er interesserte i slekt, lokalhistorie og røtene sine. Registeret gjer det enklare å finne fram i den omfattande ætteboka, og er eit verdifullt supplement for både bygdefolk, tilbakeflyttarar og dei som har tilknyting til Norddal.

Takk til Liv Randi Bjørlykke

Vi sender ein stor takk til Liv Randi Bjørlykke som har står bak registeret og som har lagt ned mange timar over fleire år på dette arbeidet. Det er over 32 000 namn i registeret!

Fleire lokalhistoriske bøker til sals

I tillegg til dette nye registeret har kommunen fleire andre bøker til sals. Her finn du lokalhistorie, bygdebøker, kulturstoff og andre utgivingar som tek vare på historia om fjorden, folka og plassane våre. Desse bøkene passar godt som gåve eller som noko å ta vare på for framtida.

Bøkene kan kjøpast her:
Kommunehuset i Stordal kvar dag klokka 10-15
Rådhuset i Valldal kvar dag klokka 10-14

Ei gåve som gir lokalkunnskap

For dei som ønskjer meir kunnskap om slekt, bygda og utviklinga i Fjord, er dette ei fin moglegheit til å sikre seg både ny og eldre lokalhistorie. Med desse bøkene held vi fram arbeidet med å løfte fram kulturarven og dei levande historiene som formar fjordsamfunnet vårt.

Fjord kommune har lokalhistoriske bøker og turkart til sals.

Sjå filmen frå julenisseverkstaden på rådhuset!

God førjulstid i Fjord!

Bøker til sals
Fjord kommune har fleire lokalhistoriske bøker til sals.