Artiklar > Refurn - der gamle møblar får nytt liv
Refurn - der gamle møblar får nytt liv
Gjenbruk er viktig, og det har gjengen i Refurn forstått. Dei har nemleg ein kompetanse som ikkje mange har når det kjem til møblar og ressursbruk. Bedrifta ligg i vakre Stordal i Fjord kommune, og tilbyr bedrifter og privatpersonar å gjere dei gamle møblane sine god som ny.
Drivarane av Refurn deler både møbelkompetanse og blod. Her finn du nemleg Claus Hoff, saman med pappa Geir Hoff og onkel Nils Tore Hoff. Dei trivst godt saman, og har det kjekt på jobb. -Vi starta med dette fordi vi såg at det var eit behov både frå den offentlege og private marknaden, seier Claus.
Populært med gjenbruk
Hoff fortel at gamle møblar har blitt stadig meir populært med åra, både på grunn av kvaliteten, men også fordi folk er meir miljøbevisst. -Det går også an å spare litt pengar, men det handlar fyrst og fremst om ressursar, miljø og klima, seier han. Det er mange som kastar møblane sine når dei blir slitt eller øydelagt, og han meiner at spesielt det offentlege har vore verstingane på bruk og kast. -På Austlandet har det vore ei heilt anna haldning til dette lenge, men det har kome seg her også, smilar han.
Unikt
Claus fortel at det tidligare ikkje var like mange som ønska å bruke opp igjen møblar, men at det no er mange som finn stoltheit i, til dømes, ein gamal sofa. -Det er meir unikt og av betre kvalitet enn mykje av det som produserast i dag, seier han. Det vil derfor lønne seg med gjenbruk både for den som eig eit gamalt møbel av god kvalitet, og for gjengen i Refurn. -Vi rettar oss fyrst og fram mot det offentlege og bedrifter, men vi takkar ikkje nei til privatpersonar, smilar Hoff.