Reinheimen nasjonalpark

Reinheimen nasjonalpark

Foto: Kristi L. Stakkestad

Dei høgste fjella er over 2 000 moh., medan det lågaste punktet ligg i Romsdalen ca. 130 moh. I sør og aust er terrenget slakt med avrunda formar, vidder og rolege flyer. Her har området stor verdi for jakt, fiske og beitebruk, og er i liten grad tilrettelagt for turistar. I Tafjordfjella, vest i nasjonalparken, er terrenget brattare, og tilrettelagt med merka turstigar og overnattingsmoglegheiter på turisthytter. I nordvest er landskapet dramatisk med Trollstigen og dei bratte Trolltindane, der Trollveggen er kjent som ein av Europas høgaste loddrette klatrerute, 1700 meter opp frå dalbotn.

Nasjonalparken har mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Reinheimen er særleg rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten, med fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka. Landskapsvernområda er verdifulle kulturlandskap, med rikt artsmangfald knytt til seterdrift, slått og beitebruk.

Meir informasjon finn du på Reinheimen Nasjonalpark sine nettsider.

Fjord kommune fekk i mai 2020 status som nasjonalparkkommune. Ein fantastisk natur og godt klima ønskjer deg velkomen. I Fjord ønskjer vi å gje deg eit breitt spekter av opplevingar. Vi ønskjer at du skal kunne nyte fjella og verneområda kombinert med spennande aktivitetar, god mat og drikke og ei god natts søvn.

Norges nasjonalparkkommuner

Fjord kommune