Artiklar > Sentrumssamarbeid

Sentrumssamarbeid

Sentrumssamarbeid
Foto: Storfjordnytt

Alt på ein stad

Fjordhagen AS har invitert sentrumsaktørar til eit styrka samarbeid med mål om å bli meir synlege, få samla all informasjon om opningstider, kampanjar og andre tiltak på ein stad. Dette vil gjere det enklare både for næringslivet sjølv, men ikkje minst for kundar og tilreisande.

Vi håper også å få på plass eit slikt sentrumssamarbeid i Eidsdal og Stordal. Planen er å lage ein oversikt kvar månad gjennom heile året. Aktørane sjølv melder inn med frist den 25. i kvar månad for å kunne bli med på oversikten neste månad. 

"Kva skjer-kalender"
Det er ikkje alt som passar inn i "Kva skjer-kalenderen" i Fjord, og derfor er det fint å kunne supplere med ein oversikt som denne. Vi oppmodar likevel sterkt til å bruke kalenderen som ein finn både på Fjord kommune og Opplev Fjord sine nettsider for å marknadsføre arrangement. Det er heilt gratis å legge inn her, og ein kan gjere det sjølv. 
Meld inn arrangement

Informasjonsskjermar
Vi kan også legge ut plakatar på informasjonsskjermar som står rundt om. Alle, både næringsliv og frivillige organisasjonar, kan sende inn til Fjordhagen og få lagt ut annonser eller informasjon her. Ta kontakt med Gro Marita for meir informasjon.

 

Alt på ein stad - din oversikt over Valldal sentrum