Artiklar > Sesongstart på Arena Overøye

Sesongstart på Arena Overøye

Sesongstart på Arena Overøye

Foto: Arena Overøye

Laurdag 17. desember opnar det familievenlege alpinsenteret i Øvre Stordal

Gjengen som driftar alpinsenteret står på dag og natt no for å gjere klart til helga. Det har vore produsert kunstsnø i kuldeperioden, og i tillegg har det også kome mykje natursnø. Forholda skal dermed ligge svært godt til rette for ein god sesongstart!

Nytt deg gjerne av det gode tilbodet på kjøp av sesongkort med 10% rabatt no fram til og med søndag 18.desember. Sjå www.arenaoveroye.no for meir informasjon.

Det er også preparerte langrennsløyper like i nærleiken, oppdatert oversikt over kva som er preparert både her og i resten av kommunen finn du på loyper.net 

Stikk UT! Vinter startar også 15. desember. Fjord kommune har 15 Stikk UT! Vinter turmål, sju skiturar og åtte fotturar.