Artiklar > Stikk UT - vinter
Stikk UT - vinter
Du kan velje mellom 17 stikk-ut turar i Fjord gjennom vinteren
Medan vinteren let vente på seg, er det mange flotte turmoglegheiter. I år kan du velje mellom 17 Stikk UT-turar, med varierande lengde og vanskegrad, noko for både små og store, nybyrjarar og erfarne turgåarar.
Nokre turmål ligg allereie i snødekt terreng, medan andre framleis er fine å gå til utan ski. Det gjer det enkelt å finne ein tur som passar akkurat no.
Her er oversikt over Stikk UT!-turane i Fjord: for meir informasjon om turmåla, sjå Stikk UT! nettside eller app.
- Moloen i Stordal
- Bakke før Jolbotn, Stordal
- Grigås natursti i Stordal
- Elvaforbygninga i Stordal
- Gapahuken ved Fokhaugstova, Stordal
- Storvasshytta, Stordal
- Omenås lysløype, Valldal
- Olavsvegen i Syltemoa, Valldal
- Bedringens veg i Valldal
- Rongane frå Eidsdal
- Bakkegjerdet fra Eidsdal
- Litleåsskagen, Norddal
- Kvilet frå grendahuset, Norddal
- Grønningsæter skiløype, Valldal
- Rellingsetra i Norddal
- Fremste Haumyra, Eidsdal
- Eidsheia på ski, Eidsdal
GOD TUR - OG TAG GJERNE OPPLEVFJORD, DÅ BLIR VI GLAD!

Begge foto: Vivian F. Nydal
