Artiklar > Stolte Anton - frå Eidsdal til Berlin
Stolte Anton - frå Eidsdal til Berlin

Som ei av 6 bedrifter frå Fjord Norge-regionen, var Stolte Anton med å representere norsk mat og kultur under den store messa for landbruk og matindustri «Grüne Woche» i Berlin. Christopher Schönefeld frå Juvet Landskapshotell var også med som matfagleg ansvarleg for Fjord Norge den første veka av messa.
Fokuset var på mat, kultur og musikk, og Stolte Anton fekk vist seg fram på mange ulike arena gjennom smak og musikalske opplevingar ved Ingunn Linge Valdal som jobbar for bedrifta. Les meir om alt det spennande dei var med på i artikkelen frå Statsforvaltaren.
Ifølge Statsforvaltaren så var Grüne Woche ein suksess for Fjord Norge, og gav deltakarane eit godt fundament for vidare vekst og utvikling.
Stolte Anton er ikkje noko unntak. Dei leverte i 2024 sitt beste år så langt, og har store framtidsplanar. Dei har også kopla seg på Næringshageprogrammet som Fjordhagen AS har som tilbod saman med Nordveggen, næringshagen i Rauma.
Fjord Norge på Grüne Woche 2025 i Berlin | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal