Stordal turlag

Foto: Ruth Janne Vinje
Stordal Turlag vart stifta i november 2006. Det vert arrangert turar frå mai til oktober.
Onsdagsturane er 2-4 timers turar, medan søndagsturane ofte er heildags-toppturar.
Turane er av forskjellig vanskegrad og lengde, og turlaget har alltid ein eller to turleiarar med. Deltakarane går på eige ansvar.
Turlaget har turar både i Stordal og nærområdet. Av og til blir det også arrangert turar i fjellområda ved Hjørundfjorden, Geirangerfjorden eller andre spennande stader.
Det er gratis å gå med turlaget, med frivillig medlemskontingent.
Nettside: Stordal Turlag på Facebook
Om bedrifta
6250 Stordal