Artiklar > Storfjord Iskrem - lokalprodusert med geitemjølk
Storfjord Iskrem - lokalprodusert med geitemjølk
Bli med på besøk til Storfjord Iskrem i Stordal!
Silje Lee Knutsen og co jobbar hardt for å produsere deilig iskrem laga av geitemjølk. Det er ho som starta opp og driv Storfjord Iskrem, og no har ho fleire tilsette både på produksjon i Stordal og i butikken i Ålesund sentrum. Opplev Fjord var så heldig og fekk vere med å lage hasselnøttis, noko som blei kjempegodt!
Vi fekk oss også ein god prat med den ambisiøse og engasjerte gründeren, som fortel om tanken bak bedrifta og korleis det er å drive iskremfabrikk.

