Tilgjengelegheit

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke fjord.kommune.no. Difor arbeider vi kontinuerleg med å forbetre brukaropplevinga, og nyttar relevante standardar

Kort fortalt Viktige grunnsteinar i vårt nettarbeid er: god kommunikasjonklart språkuniversell utforming
Tiltak for å støtte tilgjengeligheit Vi skal: Følge likestillings- og diskrimineringsloven og forskrift om universell utforming av IKT-løysingar.Sjå til at nettstaden følger krava om tilgjengelegheit i Web Content Accessibility Guidelines (WCAG 2.1).Halde oppe og vidareutvikle ein tilgjengeleg nettstad.
Dette arbeider vi med Vårt mål er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar: Tekstane skal ha god struktur som er lett å navigere i, og dei skal skrivast i eit klart og tydeleg språk.Når vi bruker bilde og grafikk skal vi sjå til at informasjonen òg blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.Når vi bruker video eller lydopptak skal den vere teksta, og når vi bruker lyd skal innhaldet også kome fram i form av tekst. Slik jobbar vi med dette: Alle som publiserer på alesund.kommune.no får jamleg opplæring og rettleiing i korleis skrive for nett.Gjennom jamleg testing avdekker vi og rettar opp i avvik, slik at brukaropplevinga blir best mogleg. Dette prioriterer vi i 2023: For informasjon som må vere tilgjengeleg i pdf-format vil vi gjere nødvendige tiltak for å tilpasse dei til krava om universell utforming.Vi skal digitalisere skjema som ikkje må vere i pdf-format.Vi vil sikre universell utforming ved val av tredjepartsløysingar, og utvikling av eksisterande løysingar Sei ifrå om manglande tilgjengeligheit Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som gjer det vanskeleg å forstå? Vi set stor pris på tilbakemeldingar på dette Gi beskjed om feil på nettstaden Tilgjengelegheitserklæring Alle offentlege verksemder pliktar å ha ei eiga tilgjengelegheitserklæring.   Ansvarleg for nettstaden Kommunedirektør er systemeigar for vår publiseringsløysing (levert av Sorentio AS).Kommunalområda og verksemdene er ansvarleg for sitt eige innhald på nettstedet.Ansvarleg redaktør er kommunedirektør Karl Andre Birkhol.Nettredaktør er Aud Lindis Ødegaard.