Artiklar > Torebuda - lokal sjarm og tradisjon

Torebuda - lokal sjarm og tradisjon

Torebuda - lokal sjarm og tradisjon

Midt i Eidsdal sentrum finn du ein liten skatt av ein butikk

Torebuda er eit landemerke i Eidsdal, plassert i den ærverdige landhandelen frå 1885. Her møter nostalgi og lokalt handverk kvarandre i eit rom som luktar av treverk, historie og nytrakta Jacu-kaffi.

Med nokre opne dagar før jul er Torebuda det perfekte stoppet for deg som vil handle julegåver med sjel, eller kanskje unne deg sjølv noko ekstra før julefreden senkar seg.

På hyllene finn du eit rikt utval av lokale matvarer og produkt:
Jacu-kaffi
Stolte Anton
Melchiorgarden
Lingebakken
Kjeskinn frå Kilstigarden
for å nemne nokre av skattane du kan ta med deg heim.

Bak disken står Trine, som mange vil kjenne igjen frå Regnbogebuda, den fargerike butikken ho dreiv litt lenger oppe i gata. Då ho tidlegare i år fekk sjansen til å kjøpe den gamle landhandelen, var valet enkelt.

"Eg ville ta vare på huset, historia og stemninga. Når folk kjem inn her, skal dei kjenne at dette er ein plass med sjel",fortel ho.

Og sjel har det!
Her finn du alt frå lokalmat og handverk til dei nostalgiske godbitane mange hugsar frå eigen barndom, som karameller og gode gammaldagse drops som ein kan kjøpe i lausvekt. Det er rett og slett som å ta eit lite steg tilbake i tid.

Torebuda er ikkje berre ein butikk, det er ei oppleving i seg sjølv. Ei koseleg, varm lita verd der du kan rusle rundt og finne gåver som betyr noko.

Følg med på sosiale medium for opningstider fram mot jul, og ta turen innom når dørene står opne.
Du vil garantert finne noko fint, enten til nokon du er glad i, eller til deg sjølv. 

Sjå video frå besøket her!

God førjulstid!

Alle foto: Vivian F. Nydal