Artiklar > Ung og reflektert dagleg leiar -Eg følar meg heime her
Ung og reflektert dagleg leiar -Eg følar meg heime her
Det er ikkje alle små bygder og kommunar som har hatt ein stigande trend i befolkningstala siste åra, men i Valldal er det fleire og fleire unge somvender snuten heim til oppvekstens stad. Og mange tek med seg både partnar og barn.
Johan Gregor Sandblåst er ein av disse, og tidlegare i år blei han dagleg leiar på Kulå Bowling og restaurant i Valldal, etter å ha pendla og jobba turnus som kokk i nokre år. -Det er her eg følar meg heime, seier han.
Tilhøyrigheit
Sandblåst fortel at han og kona, Evelina Sandblåst, kjøpte seg hus i Valldal i 2021, sidan han lengta heim. Ho jobbar som bakar og konditor på Sylteormen Bakeri, og begge er glade for å ha kort reiseveg til jobb. Det unge paret var berre 20 og 19 år gamle då dei kjøpte seg hus, og no har dei også ein liten baby saman og trivst godt. -Vi følar oss heime her, alle kjenner alle og vi får ein god kjensle, seier han. Sandblåst fortel at han har positive erfaringar med at folk i bygda er flinke til å ta imot folk med opne armar. -Viss ikkje hadde eg ikkje tatt med meg kone og barn hit, smilar han.
Ferdig med pendlarlivet
Sandblåst er utdanna kokk og har jobba i litt over to år på Stranda hotell. Han fortel at søkte på jobben på Kulå for å kome heim kvar dag, og følte seg ferdig med pendlarlivet. -Eg har også mykje tilhøyrigheit til Kulå, både som samlestad og jobb, seier han. Mora var nemleg dagleg leiar tidlegare, og han har derfor sjølv jobba der som både servitør og ryddegut i si ungdomstid.
Samfunnsansvar
Noko Sandblåst likar godt med jobben sin er ansvaret. -Då meiner eg ikkje berre jobbansvar, men eg følar også eit samfunnsansvar, seier han. Han synast at det er viktig å halde fram med eit tilbod som har vore her i mange år, og ønskja derfor å vere med på utviklinga og samarbeidet Kulå gjer til lokalsamfunnet. -Det er sjølvsagt også hyggeleg å møte folk kvar dag, og som fagutlært kokk, har eg via livet til å gi god service til andre og lev for det, seier han. Det ønskja han skal spegle seg i alt dei gjer på Kulå Bowling og restaurant.
Ein samlestad
Det er ikkje tvil om at dette er ein viktig samlestad for folk i området, og Sandblåst ønsker å oppretthalde den gode trenden bedrifta har no. -Vi har hatt stødig drift til no, og framover ønskjer vi å utvikle og forsterke identiteten til Kulå, seier han. Han er oppteken av å få til gode samarbeid og eit godt samspel med andre aktørar i området, slik at dei kan fortsette å ver ein god samlestad for alle som ønskja å ta turen. -Eg ønsker at alt skal fortsette å vere som det er, berre enda betre, seier han.
Mykje som skjer
Framover mot jul er det mykje spennande som skjer på Kulå, og Sandblåst ramsar opp både quiz, dans, julebord, Halloweenfest og anna moro. Han oppfordrar alle til å ta turen, om det så berre er for å ete den lokalkjende, gode pizzaen dei servera.
Fjord Bolig på full fart framover
Daniel Bjørstad har kome langt med den nye bedrifta si. Seinast 1. april neste år står den første tomannsboligen klar til innflytting
Det skjer i Fjord i sommar!
I juni brakar det laust med sommar-arrangement i Fjord. Først ute er Eidsdalsrøre som går av stabelen 7.-9. juni.