Artiklar > Ut på tur i sommar?

Ut på tur i sommar?

Ut på tur i sommar?

Elevbedrifta ved Valldal skule har vore på tur, og vil gjerne dele sine turtips med deg.

Om du vil starte gåturen din i sentrum av Valldal kan du følgje første delen av Valldalsleia som er ei av pilegrimsleiene i Norge som kan ta deg heilt til Nidaros.
Første stopp er Korsbrekka eller Olavskrosset der Olav Haraldsson kvilte seg og såg utover fjorden då han flykta frå sine fiendar for snart tusen år sidan. Vidare innover skogen er det flatt og fint terreng. Du kan velje å gå ut av Valldalsleia og sette kurs mot Syltefjellet. Dette er ein luftig og bratt tur med flott utsikt. Oppe på Syltefjellet kan du enten velje å gå same veg tilbake eller gå ned turvegen frå Ytterli til Vika.

Eit tredje alternativ er Kvitsva som ligg endå høgare oppe og knyter saman Ruggå, Nysætra og Mefjellet for å nemne nokre alternativ.

Ruggå er ein populær utfartsstad med den spennande «gyngesteinen» som du kan klatre opp på og få til å buldre med djupe drønn. Her finn du utedo og gapahuk, alt bygd på dugnad av grunneigarane.

I Valldal er det mange ulike turar å velje mellom. Den luftigaste turen er Klovset, setra øvst i Lingåsen. Hit kan dukøyre bil på bomveg, eller ta beina fatt. Ønsker du å gå lenger er Vardefjellet også eit glimrande turmål.

Brekkå eller Brekkevatnet er namnet på eit flott turmålovanfor Myklebustsetra. Dit kjem du ved å gå frå parkeringsplassen ved Myklebust Vassverk. Om denne turen vert i kortaste laget er til dømes Taskedalstinden og Høgstolen tilgjengeleg herifrå, men kun for fjellvande.

Uansett kvar du ferdast i sommar så husk å ta omsyn til dyr på beite, ta med søppelet ditt heim, hald hunden din i band.

God tursommar!

Sjå full video av turar her!

Lenk til Stikkut.no