Artiklar > Valldal - The Adventure Valley
Valldal - The Adventure Valley

Foto: Magnus R. Furset
Ei reiselivssatsing med godt resultat!
Erlend Ringstad i Uteguiden kom nettopp heim frå ei lita veke på Noreg sin viktigaste arena for nettverksbygging og innsal av reiselivsprodukt - Norwegian Travel Workshop (NTW) som i år vart arrangert i Bodø. Dette er ein arena der seljarar og kjøparar av reiselivstenester møtast og gjer avtalar. ErlendRingstad hadde bortimot full møtekalender over to dagar, og i år er fjerde året han deltek på vegne av samarbeidet.
Bedriftene i samarbeidet Valldal - The Adventure Valley, har sakte men sikkert arbeidd seg opp frå ustruktert og tilfeldig samarbeid til ei felles satsing på marknadsføring for Valldal og området rundt. Målsetjinga har vore å tiltrekke seg gjestar som ønsker seg akkurat hit, bruke Valldal som base, og reise rundt i fylket vårt. Det er ikkje eit mål å auke talet på gjennomreisande som ikkje bidreg til lokal verdiskaping, men heller arbeide med dei turoperatørane som vel seg Valldal som ein stad å vere over fleire dagar. Då vert det lagt att meir pengar lokalt både til overnattingsleverandørane, men og til dei som driv med aktivitet, opplevingar, mat, drikke og anna handel.
Den første deltakinga på NTW var i 2019 då arrangementet vart lagt til Ålesund, og Valldal vart sett på kartet med eigen visningstur. Valldal Naturopplevingar, Valldal Aktivitetspark, Valldal Fjordhotell, Kulå Bowling, Meretes Garden og Blåtindvar med frå starten og valde å kalla satsinga for «The Adventure Valley». I 2024 vart også Valldal Fjord Lodge, Sylteormen Bakeri og Arena Overøye med.
Valldal.no er landingssida med presentasjon av bedriftene sine produkt, artiklar med inspirasjon og felles kontaktpunkt for dei som ønsker å vite meir.
Kva er det som trekk gjestar til vårt område?
For å vere ei lita bygd inst i ein fjord så er aktivitetsnivået og moglegheitene så mange at stadig fleire turoperatørar har fått auga opp for Valldal. Vi blir sett og lagt merke til, og det er stor begeistring for god plass ute i naturen, det er eit avslappa og roleg sentrum, og det er enkel tilgang til fjord, fjell og mange aktivitetar. Samtidig er det kort veg til attraksjonar somikoniske Trollstigen og Geirangerfjorden. Vi har ein verdsarvfjord utan masseturisme og cruisetrafikk, noko som blir stadig meir viktig for gjestar som søker ro og stille.
Å arbeide med reiselivsmarknaden er eit langsiktig arbeid. Frå 2019 til i dag har bedriftene i samarbeidet arbeidd for fellesskapet og lagt ned hundretals timar med eigeninnsats, økonomiske ressursar og stor tru på produkta sine. Dei har fått prosjektstøtte både frå Innovasjon Norge og Næringsfondet.
Fordi desse enkeltbedriftene valde å gå saman og stille sterkare som team, har dei i tillegg auka den totale, lokale verdiskapinga for alle som bur her, og som driv næringsverksemd.
I år, 6 år etter oppstarten av «The Adventure Valley», ser bedriftene at alt det harde arbeidet ser ut til å lukkast. I mai blir det planlagt visningstur for turoperatørar med spesiell interesse for området.