Artiklar > Valldalsleia-konferansen 3. og 4. oktober

Valldalsleia-konferansen 3. og 4. oktober

Valldalsleia-konferansen 3. og 4. oktober

3. og 4. oktober er det tid for årets konferanse med Valldalsleia som tema, og programmet er innhaldsrikt og spennande.

Valldalsleia-konferansen har blitt ein fin arena for å møtast på tvers av både fag og interesser for den som er opptatt av samfunns- og næringsutvikling i distriktet, lokalmat, tradisjon, reiseliv og kultur. 

3. oktober kan ein kose seg med strikking, besøke klosteret i Fjørå, få med guide på tur til Korsbrekka og så skal milesteinen avdukast av ordføraren. Om kvelden er det eit lite seminar med presentasjonar og smaksprøver før soknerådet inviterer til konsert i Sylte kyrkje som avslutning. 

4. oktober er det konferanse med spennande innleiarar på Martin Linge-huset. Om du vil delta så meld deg på her Påmelding Valldalsleia-konferansen eller send ein e-post til post@fjordhagen.com. Konferansen er gratis.

TORSDAG 3. OKTOBER

Kl 1400-1700 Tradisjonsstrikk med ny vri ? ta med strikketøyet ditt for ein kjekk ettermiddag saman. Stad: Sylte Hotel
Presentasjon av ny pilegrimsgenser og andre strikkeprodukt. Vertskap: Gudrun Uri

Kl 1350-1530 Besøk til Klosteret i Fjørå. Felles avreise i minibuss. Maks 16 personar.
Presis oppmøte ved Sylte Hotel. Eiga påmelding til post@fjordhagen.com. Vertskap: Kristi L. Stakkestad

Kl 1530-1700 I fotspora til Heilag-Olav - frå sentrum til Korsbrekka. Guida tur ved Arne Sandnes

Kl 1700-1730 Offisiell avduking av milesteinen for Valldalsleia i Moabrauta, ved ordførar Terese J. Moen

SYLTE HOTELL FRÅ KL 17.30

Kl 1730-1815 Middag; Viltgryte levert av Jordbærstova

Kl 1815-1845 «Med arven etter Nikka inn i framtida». Leif Grønning

Kl 1845-1945 Presentasjon av lokal saft, øl og siderproduksjon med smaksprøver av Valldal Safteri/Lingebakken

Kl 2000-2100 Konsert med lokale artistar i Sylte kyrkje. OPE FOR ALLE!! Arr. Soknerådet

FREDAG 4. OKTOBER

Kl 0900-0930 Registrering og kaffe, lokal frukt, drikke og bakverk

Kl 0930-0945 Velkomen til Valldalsleia-konferansen og Fjord kommune, Kulturinnslag

Kl 0945-1020 Frivilligheit i DNT Sunnmøre. Ved Linda Flem, dagleg leiar DNT Sunnmøre

Kl 1020-1035 Minglepause

Kl 1035-1120 Moster 2024. Erfaringar frå årets nasjonaljubileumsfeiring. Elsa Aanensen, daleg leiar Moster 2024

Kl 1120-1200 Bygging av lokalsamfunn gjennom vikingmusikal. Ved stiftinga Herøyspelet

Kl 1200-1215 Lokalmat med historieforteljing - Heilage Olav restaurant, ved Jon Kristian Sundklakk, Valldal Fjordhotell

Kl 1215-1300 Lunsj servert og presentert av kjøkkensjef Jon Kristian. Valldal Fjordhotell

Kl 1300-1330 Valldalsleia - pilegrimsled eller Olavsminne? Halldis Prestegård, DL Pilegrimssenter Dovrefjell

Kl 1330-1410 Velkomen inn, på naturen og verneverdiane sine premissar. Ved nasjonalparkforvaltar Reinheimen, Kristine Sørlie

Kl 1410-1420 Minglepause

Kl 1420-1430 Valldal 2029 - på veg mot nasjonaljubileum.  Prosjektleiar

Kl 1430-1445 Venelaget for Valldalsleia - status og vegen vidare. Ordførar Terese J. Moen

Kl 1445-1500 Oppsummering og vel heim.  Prosjektleiar