Pilegrimslei frå Valldal til Dovrefjell

Valldalsleia

Foto: Hans-Jacob Dahl

Ei pilegrimslei frå fjord til fjell, frå kyst til innland. Ei lei i fotspora til vikingkongen Olav Haraldsson.

Då Olav den Heilage rømte frå landet vinteren 1028-1029 drog han skipa sine på land i Valldal, og herifrå gjekk han over fjellet til Lesja og Dovre. Det er denne ruta Valldalsleia følgjer. For Olav var dette ei fluktrute, for dagens vandrar er dette ein opplevingsveg.

Valldalsleia går frå Valldal og til Dovre, og derifrå kan ein følgje Gudbrandsdalsleden til Trondheim og Nidarosdomen. Valldalsleia er delt inn i 9 dagsetapper. For planlegging av tur kan du lese meir i «Guidebok for Valldalsleden» eller gå inn på nettsida pilegrimsleden.no/Valldalsleden