UNESCO Verdsarv - Vestnorsk fjordlandskap

UNESCO Verdsarv

Foto: Kristi Linge Stakkestad

Vestnorsk fjordlandskap blei skrive inn på verdsarvlista til UNESCO i 2005, og omfattar delar av Fjord kommune, mellom anna Tafjorden og Herdalssetra.

Området er skrive inn på grunnlag av to hovudkriterium: naturvenleiken og sjølve fjordlandskapet med det breie spekteret av landskapsformer knytt til dei inste delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda. Kulturlandskapet tilfører ein ekstra dimensjon som aukar den samla verdien av området. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap består av to delområde som ligg om lag 120 km frå kvarandre på Vestlandet: Geirangerfjorden med omland i nord og Nærøyfjorden med omland i sør.

Les meir på Geirangerfjorden verdsarv sine nettsider.