Du er her: Forside > Bygdene i Fjord
Levande bygdesamfunn
Eidsdal, Norddal, Tafjord, Fjørå, Valldal, Stordal og Dyrkorn er sju levande bygdesamfunn i Fjord kommune. Her kan du bli betre kjent med kvar av dei.
Fjord kommune vart etablert 01.01.2020, ved at Norddal kommune og Stordal kommune slo seg saman til ein kommune. Kommunen har 2500 innbyggjarar og eit areal på 1191 km2.
Nasjonal turistveg mellom Trollstigen og Geiranger går gjennom kommunen. Langs denne strekninga finn du spektakulære arkitektoniske installasjonar, som til dømes ved Gudbrandsjuvet i Valldal. Dei særeigne naturkvalitetane gjer at delar av kommunen både er ein del av Reinheimen nasjonalpark og Geirangerfjorden verdsarv, i tillegg finst det fleire naturreservat og landskapsvernområde. Til saman er over førti prosent av kommunen sitt areal verna.
Klimaet gir godt grunnlag for matproduksjon, reiseliv og helse, og mange kjem hit på grunn av aktivitetane som området byr på, så som å padle, stå på ski, sykle, gå på fjelltur, rafte eller klatre. Det mektige fjord- og fjellandskapet gjer at aktivitetstilboda er mange og mangfaldige. Kommunen består av sju bygder, og kvar bygd har sine spesialitetar og attraksjonar å by på.
Det er om lag tusen hytter i kommunen, og særleg mange av desse er samla i øvre Stordal, som er ein av vinterdestinasjonane på Sunnmøre.