Artiklar > Det skjer i Fjord i juletida
Det skjer i Fjord i juletida
Julebord, julekonsert, førjulssauna eller julaftangudsteneste? Dette er noko av det du kan oppleve i Fjord i desember.
Lys i mørketida
Når mørketida kjem set vi stor pris på lyset. Adventstida i Fjord startar med tenning av lysa og konsert i Skomakargata, julemarknad på frivilligsentralen i Stordal og på Murisenteret i Valldal og ikkje minst; julegrantenning i alle bygdene. No er vi klar for førjulstida!
Desember er fylt med musikk
Kulturskulen har sine rikhaldige og stemningsfulle konsertar 9. og 11. desember, der elevane får vise fram kva dei øver på. Big Valley Voices inviterte til Draumeferd i vinternatt, både i Stordal og i Liabygda. Maria syng jula inn og skaper god stemning på dei tre omsorgsinstitusjonane, slik som ho har gjort dei siste åra. Dei tradisjonelle julekonsertane blir i Stordal kyrkje torsdag 12. desember, i Sylte kyrkje søndag 15. desember og i Norddal kyrkje fredag 20. desember.
Onsdag 18. desember inviterer Stordal skule både heimane og bygdefolk til den årlege og populære juleavslutninga med program av elevane. Årets hovudoppsetjing er Putti Plutti Pott.
Julemarknad, julebord og julespa
Laurdag 14. desember er det juletresal i Skomakargata ved Lions Club Valldal, og det blir julemarknad med fleire utstillarar på Murisenteret søndag 15. desember. Her kan du få kjøpt både mat og drikke, varme gåver og praktiske gjenstandar. Vi oppfordrar til å handle lokalt og støtte produsentane i nærområdet både til jul og resten av året.
Blåtind Boutique Hotel i Stordal inviterer til julebord og feststemning med Petter Wavold laurdag 21. desember. Det blir topp stemning med norsk musikk på sitt beste, og det blir sett opp buss frå Stordal sentrum.
Denne laurdagen er det også mogleg å varme seg på førjulsspa med både sauna, kaldkulp og gløgg på Meretes Garden i Valldal.
Jul i kyrkja
Kyrkja i Fjord inviterer til gudsteneste i alle kyrkjene på julaftan, i tillegg til i Norddal og i Stordal kyrkje andre juledag og på Eide bedehus søndag 5. januar.
Romjula
I romjula kan du delta på Juleyin, som er yoga, avspenning og sauna på Meretes Garden - og etterpå kan du få med deg vakre tonar på nyttårskonserten til Valldal hornmusikklag på Martin Linge-huset.
Litt aktivitet i romjula er viktig! Den tradisjonsrike Grendacupen i fotball i Stordalshallen vert arrangert andre juledag og femte dag blir det open hall og kjekke aktivitetar som skaper liv og røre.
Og jula er ikkje heilt over når det nye året kjem, søndag 12. januar inviterer Valldal bygdekvinnelag til julelag på omsorgsbustaden. Spelemannslaget tek del.
Aktivitetskalenderen
Du finn meir detaljert informasjon om arrangementa i aktivitetskalenderen "Kva skjer?" her på nettsida opplevfjord.no
Du finn også den same kalenderen på Fjord kommune si nettside.
Kalenderen har oversikt over alle aktivitetar/arrangement som er meldt inn i regi av både lag og organisasjonar og næringsdrivande, i heile Fjord kommune, Har du eit arrangement som ikkje står i lista kan du melde det inn her.
God jul!
Oversikta i denne artikkelen er basert på innmeldte arrangement.
Opplev julemagi i Skomakargata i Valldal
Når julelysa blir tent i Skomakargata i Valldal blir gata forvandla til eit lysande vinterlandskap.
Velkomen til Jul i Skomakargata
Sidan 2019 har det vore julestemning i Skomakargata i Valldal.