Artiklar > Velkomen til Jul i Skomakargata

Velkomen til Jul i Skomakargata

Velkomen til Jul i Skomakargata
Bilde: Maryna Kushnir

Sidan 2019 har det vore julestemning i Skomakargata i Valldal.

Opning av Jul i Skomakargata 24. november kl: 18.00.

Velkomne alle saman, til opninga av årets julegate i Skomakargata! Husrekka langs fjorden vil i år som i fjor lyse opp mørketida med hundretusenvis av julelys. På opninga av "Jul i Skomakargata" på Sylte i Valldal deltek barnekoret, dansegruppe, ulike soloinnslag og Valldal hornmusikklag, som gi oss den gode julestemninga.

Julemarknaden opnar dørene, der lokale produsentar sel heimelaga godsaker, strikkeklede, naturskinn og pelsverk, samt kjøtt- og fiskedelikatesser.

Ute duftar gata av gløgg, grilla godsaker og årets pepperkaker. Gjer deg klar til å finne flott julepynt i Mood-butikken, gåve- og interiørbutikken som no er open kvar laurdag. 

 Opplev lysa i Skomakargata og sikre den gode julestemning i år også !

"Jul i Skomakargata" opnar 24. november kl. 18.00, då tenner vi lysa og startar årets julegate. 

Laurdag 25. november kl.18.00 er det stemningsfull konsert med "lokale heltar" på Valldal Sentrum scene. Billettpris kr. 200, - vaksne og kr. 50,- barn. Alle inntekter går til "Jul i Skomakargata" sal av kaffi og kake i pausen.

Laurdag 2. desember kl. 11-17 og søndag 3. desember kl. 12-17 er det marknad med mange utstillarar og kafe på Valldal Sentrum scene. 

Tenning av julelysa i Skomakergata i Valldal

Jul i Skomakergata i Valldal

NRK TV: Jul i Skomakergata

 

 

Aktuelt i Fjord

23.11.2023

Opplev julemagi i Skomakargata i Valldal

Når julelysa blir tent i Skomakargata i Valldal blir gata forvandla til eit lysande vinterlandskap.

02.11.2023

Filosofien om høstkos

Hvis du tror at den beste tiden for interessante turer er over med sommeren, så tar du veldig feil. Tross alt, hvis du tenker på det,

19.10.2023

Inspirasjonswebinar 25.10 til migranter fra Ukraina

Vi inviterer alle lokale innbyggere som ankom fra Ukraina til webseminaret

12.10.2023

Lokalmathaust i Fjord

Lokalmathaust i Fjord

01.09.2023

"Nullpunktet": Nytt landemerke for Valldalsleia

Avslutning på byggjetrinn 1 i Tettstadutviklingsprosjektet i Valldal

19.07.2023

Tips til ein aktiv sommar

Her er nokre tips til kva du kan finne på i Fjord - både ute og inne!