Artiklar > Lokalmathaust i Fjord

Lokalmathaust i Fjord

Lokalmathaust i Fjord
Foto: Terese Jemtegård Moen

Lokalmathaust i Fjord

Mange turistar kjem til Norge og Sunnmøre for å sjå på naturen. Dei vil nyte den naturleg reine lufta og vatnet, og kjenne den positive effekta av å kome i form gjennom friluftsaktivitetar.

 Men eit anna helsebringande, særeigent trekk ved regionen vår er den gode lokalproduserte maten og matkulturen vår.

 Gjennom heile sommaren har vi sett korleis frukt, bær og grønsaker har blomstra, vokse og modna. I juli fekk vi smake på den velkjente Valldalsjordbæra, og frukthagane rundt om i bygdene ga frå seg duftande aromaer av moreller, eple, pære og plommer.

 Området vårt er kjent for å produsere mykje god frukt og bær, men her også gode moglegheiter for å plukke sopp og fiske sin eigen mat. Godt klima med forholdsvis mykje sol og lys, og eit godt jordsmonn kombinert med dyktige bønder gjev oss mat som er rik på smak og kvalitet. Hofseth produserer regnbogeørret i den djupe fjorden, og rike fjellbeiter gjev mjølk og kjøt av høg kvalitet.

 Gardane og hagebruka i området har ei lang historie, der kunsten og kunnskapen å dyrke jorda og hauste frå naturen har gått i arv frå generasjon til generasjon. Her er lange tradisjonar og kultur for å vidareforedle det vi haustar til deilige delikatesser. 

No i haustsesongen kan vi for fullt nyte resultata av alt som vert bearbeidd og forvandla til deilig saft, syltetøy, iskrem, cider, kjerull, kokemør og mykje meir.

I Geiranger vert det handlaga deilig sjokolade av naturlige råvarer. Og alt dette mot bakgrunnen av hausten sine gule, oransje og karmosinraude fargar.

 Ta gjerne turen hit til oss og bli her nokre dagar. Her kan du hente styrke og helse rett frå jorda! Bli kjent med matprodusentane våre, kvar dei held til og produkta dei har for sal. Her kan du boltre deg i lokalprodusert mat og smaksopplevingar, og ta med deg deilige gåver heim att til dine næraste.

https://opplevfjord.no/neringsliv/&tag=produksjon

https://opplevfjord.no/opplev-fjord/servering/

 

Aktuelt i Fjord

23.11.2023

Opplev julemagi i Skomakargata i Valldal

Når julelysa blir tent i Skomakargata i Valldal blir gata forvandla til eit lysande vinterlandskap.

09.11.2023

Velkomen til Jul i Skomakargata

Sidan 2019 har det vore julestemning i Skomakargata i Valldal.

02.11.2023

Filosofien om høstkos

Hvis du tror at den beste tiden for interessante turer er over med sommeren, så tar du veldig feil. Tross alt, hvis du tenker på det,

19.10.2023

Inspirasjonswebinar 25.10 til migranter fra Ukraina

Vi inviterer alle lokale innbyggere som ankom fra Ukraina til webseminaret

01.09.2023

"Nullpunktet": Nytt landemerke for Valldalsleia

Avslutning på byggjetrinn 1 i Tettstadutviklingsprosjektet i Valldal

19.07.2023

Tips til ein aktiv sommar

Her er nokre tips til kva du kan finne på i Fjord - både ute og inne!