Artiklar > Sommaren kjem!

Sommaren kjem!

Sommaren kjem!

Snart er det sommar og her er nokre tips til kva du kan finne på

Det ligg mykje snø i fjella enno. Det lovar godt for god vassføring i Valldøla, og ein god sesong for rafting og juving. Uteguiden og Ræin tilbyr guida turar, kurs og utleige av utstyr til mange aktivitetar, mellom anna padling, SUP og sykling. Familieparken Valldal Aktivitetspark opnar for sesongen 21.mai med klatreløyper og kjekke aktivitetar for liten og stor.

Det er opna att for laksefiske i Valldøla, og som vanleg er det også laksefiske i Stordalselva. Sesongen startar 25.juni i Stordalselva og 1.juli i Valldøla.

Likar du å spele frisbeegolf? Då må du ta turen og prøve 18-hols bana på Jemtegård Feriesenter.

Tafjord Friluftsbad opnar for sesongen 4.juni, her kan ein bade utenførs i oppvarma basseng med utsikt til fjella omkring. Tafjordbygda kan også by på rappellering på Zakariasdammen, kraft- og skredutstilling, escaperoom og klatring i klatrevegg, alt med utgangspunkt i opplevingssenteret Ville krefter.

Skulle veret bli litt grått og vått ein dag kan du prøve ein runde bowling på Kulå bowling eller teste ut aktiviteten "Trolldungeon", vegg i vegg med Kulå. Eit ekte eventyr i escape-labyrint. Spørsmålet er om du tør gå inn i TrollDungeon, der sola aldri skin! Labyrinten er mørk, skummel og full av overraskingar. Aktiviteten passar for barn ca. 12 år og oppover. Ein annan ting som kan anbefalast, er å og bestille deg ei yoga- og spaoppleving hjå Meretes Garden.

Her er også utallege moglegheiter for vandring langs merka stiar, både korte enkle turar og lange krevjande turar/toppturar. Turforslag finn du på nettet, eller på lokale fotturkart og turguidebøker som du får kjøpt på butikkar og overnattingsstadar.