Artiklar > "Nullpunktet": Nytt landemerke for Valldalsleia

"Nullpunktet": Nytt landemerke for Valldalsleia

Avslutning på byggjetrinn 1 i Tettstadutviklingsprosjektet i Valldal

I sentrum av Valldal, i enden av kaia, har eit nytt landemerke reist seg. Skulpturen er utført i rust og stål og er designa av Arkitektgruppen Cubus. Produksjonen er handtert av Størksen Rustfri Industri AS. Dette moderne kunstverket symboliserer både starten, "Nullpunktet" på den historisk viktige Valldalsleia, men også folketradisjonen etter vikingkongen Olav Haraldson. Med dette kunstverket er også byggjetrinn 1 i Tettstadutviklingsprosjektet for Valldal sentrum ferdigstilt.

 

Pilegrimsleia Valldalsleia er ein del av den kulturelle arven etter Heilag Olav i Valldal. Herifrå kan du gå på merka sti heilt til Nidarosdomen i Trondheim. For Olav var dette ei fluktrute, og for dagens vandrar er det ein opplevingsveg. Då Olav den Heilage rømde landet vinteren 1028-1029 drog han skipa sine på land i Valldal, og derfrå gjekk han over fjellet til Lesja og Dovre. Det er denne ruta Valldalsleia følgjer. Denne ruta vil også få ekstra merksemd under det komande 1000-årsjubileet i 2029.

Skulpturen: Eit fotogent og tidlaust innslag

Besøkande kan setje seg ned og kanskje ta bilete med fjorden i bakgrunnen. Skulpturen er bygd for å vare og står som eit tidlaust innslag i Valldal sitt offentlege rom.

Byggjetrinn 1 er fullført

Med installasjonen av "Nullpunktet" er byggjetrinn 1 av Tettstadutviklingsprosjektet for Valldal sentrum no ferdig. Den store private innsatsen i prosjektet, både gjennom innsamling av midlar og dugnadsinnsats, har fått merksemd frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Distriktssenteret. Det vil bli skrive ein eigen læringsartikkel om dette, som vil bli publisert på Distriktssenteret sine heimesider.

Takk til alle involverte

Vi vil gjerne takke alle som har deltatt i å realisere dette prosjektet, med midlar og med arbeidstimar. Ein spesiell takk til alle som har delteke på dugnadar. Takk også til Arkitektgruppen Cubus og Størksen Rustfri Industri AS for deira strålende arbeid med denne skulpturen.

Vi ser fram til korleis "Nullpunktet" vil bidra til Valldal sin identitet og kulturelle arv, og inviterer alle til å oppleve dette nye landemerket i sentrum av Valldal.

 

Aktuelt i Fjord

23.11.2023

Opplev julemagi i Skomakargata i Valldal

Når julelysa blir tent i Skomakargata i Valldal blir gata forvandla til eit lysande vinterlandskap.

09.11.2023

Velkomen til Jul i Skomakargata

Sidan 2019 har det vore julestemning i Skomakargata i Valldal.

02.11.2023

Filosofien om høstkos

Hvis du tror at den beste tiden for interessante turer er over med sommeren, så tar du veldig feil. Tross alt, hvis du tenker på det,

19.10.2023

Inspirasjonswebinar 25.10 til migranter fra Ukraina

Vi inviterer alle lokale innbyggere som ankom fra Ukraina til webseminaret

12.10.2023

Lokalmathaust i Fjord

Lokalmathaust i Fjord

19.07.2023

Tips til ein aktiv sommar

Her er nokre tips til kva du kan finne på i Fjord - både ute og inne!