Artiklar > Live with joy!
Live with joy!
I Syltegata i Valldal finn du Gutta Krutt Iskremoase
Innehavar Muzikababa Valdal Myeza driv også Khaya Baristabar, og fekk drahjelp av Fjord Kommune sitt næringsfond for å kome i gang. Etableringa har gjeve fleire arbeidsplassar til lokale ungdommar.
Iskremoasen har eit rikt utval av spennande sortar med kule-is og sorbetar av ulike slag. Produkta er av merket Lamella, som er produsert Ålesund av gründaren Dirk Kiefer. Isen er produsert av dei beste norske råvarene, i tråd med den Italienske gelatometoden. Gutta Krutt hadde mykje besøk første sommarsesongen, noko som tyder på at denne isen er av beste sort
«Live with joy» står det i logoen på vindauga til Gutta Krutt Iskremoase, og eit besøk inn døra her er akkurat det, PURE JOY !
Is må til for å gi oss den gode sommar-kjensla. Innbyggjarar og turistar har med dette fått endå eit tilbod i Valldal, som gjer tettstaden til ein enda betre stad å vere, og som skaper liv i Syltegata.
Om det er krutt i iskremen ?.... Det får kvar enkelt finne ut av ved å ta turen innom, men til dømes smaksvarianten «Hot mango sorbet», gir definitivt dei rette assosiasjonane!
Ei helg som som Succession-milliardær i Valldal
Vil du dra til Norge og leve livet som ein Succession-milliardær?
#valldal #succession #HBO #location #juvet