Artiklar > Ei helg som som Succession-milliardær i Valldal

Ei helg som som Succession-milliardær i Valldal

Ei helg som som Succession-milliardær i Valldal
Foto: Maryna Kushnir

Vil du dra til Norge og leve livet som ein Succession-milliardær?

Jonathan Dean, journalist i The Sunday Times, var på besøk i Valldal i vinter, og vi fekk gleda av å møte han, over kaffe og bakverk frå Sylteormen på Khaya Barista Bar.

Artikkelen han skreiv etter besøket vart publisert i The Sunday Times 27. mars 2023.

Reisa til Norge beskriv journalisten med ei dose humor og mykje sjølvironi, og vi har her gjort eit forsøk på oversetting av artikkelen hans til norsk. Om du vil lese orginalartikkelen I The Times, så har vi lagt ein link nederst på sida.

«Eg reiser til dei avsidesliggjande villmarkene i Noreg for å køyre ein elektrisk Porsche, besøke ein fjelltopp-restaurant - og bu på eit hotell som verkeleg stel showet»

Serieskaparane (HBO) er notorisk hemmelege mht. spoilers, men la oss berre seia at i sesong 3 blei Alexander Skarsgard introdusert som tech-broen Lukas Matsson, som ønska å kjøpe Waystar Royco, Logan Roys medieselskap. Skarsgard er skandinavisk. I den nye serien besøker Roy-familien Lukas Matsson. Og Noreg er i Skandinavia.

Så her reiser eg då - til Noreg, for å bu på hotell, ete god mat og køyre bilar som folk med betydeleg meir pengar enn meg nyter på dagleg basis. Tenk på Gullhår som stel livet til dei tre bjørnene, men med kaviar istadenfor graut. Fordi, som vi alle veit, det er dei rike, også er det alle dei andre. Eg brukar flyplasslounger, men tek toget til flyplassen. Eg nyter dyre middagar, men et ikkje ute på månader. Ein milliardær sitt liv er fylt med velstand frå ende til annan, og det er dette livet denne turen lova meg.

Greia er, at for å leve livet til ein Succession-milliardær, må du absolutt ikkje møte nokon vanlege folk. Flyplassar er imidlertid fulle av vanlege folk. Det er derfor dei rike har private jetfly, men mitt jetfly var tomt for bensin, så eg tok Norwegian Air frå Gatwick til Oslo istadenfor.

Heldigvis, då eg landa i Oslo, blei eg møtt på rullebana av ein limousinsjåfør frå flyplassen sin VIP-lounge. No snakkar vi. Eg fekk min eigen lounge med grensekontroll og dusj. Og det var ikkje så mykje ein lounge, meir eit hus. Eit tips, imidlertid - bestill mat på førehand. Det gjorde ikkje eg, så på ei pære og mykje champagne følte eg meg meir som ein full student på tom mage.

Innflyging til Ålesund

Så, i ørska etter å ha sett på fantastisk utsikt over snøkledde fjell, og enda ein times flytur, landa eg i Ålesund. Ein fargerik kystby, klemt mellom Norskehavet og dei endelause fjordane og innsjøane som - bortsett frå Erling Haaland - er det dei fleste av oss tenkjer på når vi høyrer ordet Noreg.

Likevel var Ålesund berre eit stopp for å hente ein BMW og køyre to timar austover til Juvet Landskapshotell, som kanskje (ingen spoilere) også er Mattssons heim i Tv-serien.

Up Norway luksusreiser

Reiseruta er arrangert av Up Norway: ein luksusreiseleverandør som fremjar lokal ekspertise, og tilbyr ein 24-timers digital chatteteneste. Å, kor eg trengte den hjelpa, etter å ha blitt stoppa for å køyre for fort, etter 45 minutt med køyring i Noreg. Ein tanke til etterretning - aldri køyr for fort i Noreg. Ein hyggeleg, om enn irriterande ung politimann informerte meg om at eg køyrde 62 km/t i ein 50 km/t-sone. "Det vil bli £450." "Det spelar ingen rolle," spytta eg. "Eg er ein milliardær!" Så innsåg eg at eg ikkje var det. Eg jobbar i ei avis. Eg har etter dette selt min eigen bil for å betale for bota.

Juvet


Foto: Maryna Kushnir

I det minste er Juvet Landskapshotell fantastisk. I tillegg til å vere Mattssons heim, kanskje. Hotellet var også innspelingsstad for Ex Machina, filmen der Alicia Vikander spelte ein pen robot og Oscar Isaac hennar rare skapar. Hotellet er ei samling hytter midt i naturen, med utsikt over ei elv der folk badar når snøen har forsvunne. Kvart ryddige, smarte rom - med den skandinaviske minimalistiske stilen har golv-til-tak-vindauge. Det er perfekt for den typen ekshibisjonist som også likar utsikt over bratte klipper.

Dette er villmarka, det er ekstremt fredfullt, med boblebad og badstue. Det einaste problemet er dei felles middagane. For nokon er det ein draum å møte nye menneske. For andre, la oss kalle dei britiske, kan det å ete middag med seks til tjue framande ha eit potensial for katastrofe. Eg var heldig - eg lærte mykje om den norske fiskeindustrien frå eit par; eit anna par verka på kanten av ein separasjon på grunn av djupt inkompatible mål i livet. Men førestill deg å måtte sitje ved sida av ein idiot heile middagen. Det ville øydelegge eit utruleg måltid. Ein kveld smakte eg på kvalcarpaccio og reinsdyr, kvifor ikkje liksom? Den andre kvelden var det mest fisk og ein lita søtpotetsuppe.

Etter ei natts søvn under eit tak som var så midt i naturen at eg kjende det som om det var under stjernene, var det tid for ein tur opp eit fjell på truger. Eg er ikkje sikker på om dei svært rike gjer dette, men Britt, guiden som driv firmaet Ræin AS (raein.no), viste meg Eagles Nest Eco Lodge som stikk ut av eit fjell, der folk med tusenvis av kroner til overs kan bu. Tydelegvis leigde mannen som eig WhatsApp det, og det kan eg forstå, eg brukar WhatsApp.

Khaya Barista Bar


Foto: Khaya Barista Bar

Lokalbefolkninga har vorte vand med at rike og kjende kjem til denne delen av Noreg. På den koselige Khaya Barista Bar i Valldal, fekk vi sterk og god lokal kaffe og smuldrete bakverk med fløyelsmjuk krem, medan Britt underheldt meg med historier om at Tom Cruise vart sett i området medan han filma Mission Impossible - "Dead Reckoning Part One" (som kjem til sommaren). Han stupar ut frå ei nærliggande klippe på ein motorsykkel. Daniel Craigs "No Time to Die" vart òg filma i nærleiken, på Atlanterhavsvegen. Huskar du James Bond som køyrer frå gøymestaden der kjærasten hans Madeleine Swann budde med dottera si? Berre for å innsjå at dei vart jaga av skurkar i glinsande svarte bilar? Vakker scene. Beste scene i heile filmen. Dette er Noreg.

På trugetur med Ræin

Foto: Britt Ingunn Tafjord Walle

Uansett, eg veddar på at verken Cruise eller Craig vandra opp ein fjelltopp med lungene til nokon som berre trenar når dei går rundt i Glastonbury. Vêret var òg forferdeleg - inntil det ikkje var det. Britt snakka om korleis det kjennes litt som Gud, når tåka lettar frå fjella. Ho fortalde om samanraste steinurer, eit merkeleg kloster, laksefiske og eit vasskraftverk. Eg miste pusten, men fekk den igjen. Datt gjorde eg, og vart våt på buksene mine i puddersnøen. Undra meg over kvifor eg hadde på meg jeans. På toppen delte Britt ut norske energisnacks. I hovudsak var det litt varm Solbærtoddy og ein KitKat, eg klaga ikkje. Sola braut fram. Det kjendest litt som Gud.

På tur langs fjorden med El-Porsche

Foto: Shutterstock

Etter ei siste natt på Juvet stod eg opp tidleg for å feie snø av BMW-en før eg drog for å hente ei Porsche. Eg hadde hata å vere så rik - korleis veit ein kva bilnøkkel som er kva? Porscha var ein del av ei "Drive the Fjords" elektrisk bil-oppleving organisert av hotellgruppa 62 Nord (62.no), og det må vere vakkert å suse rundt i ein superbil i dette "overjordiske" landskapet. Men sjekk vêret først. Dagen min blei brukt, for det meste, med å skli rundt i ein snøstorm med null sikt, bli køyrd forbi av traktorar fordi eg var livredd for å køyre for fort. Kunne like gjerne leigd ein Fiat.


Romsdalsgondolen

Foto: Shutterstock

Eg køyrde til Åndalsnes, ved Romsdalsfjorden, for å ta Romsdalsgondolen, som opna i 2021. Det får deg til å lure på kvifor dei ikkje byggjer gondolar opp alle fjell. Til høgre er det utsikt mot Trollveggen, også kjent som Europas høgaste loddrette fjellvegg. På toppen er det ein flott restaurant som heiter Eggen. Skogen og fjellandskapet er så levande at det har blitt den mest brukte bakgrunnen i Noreg på Tinder og alt dette er tydelegvis med i Succession. Matsson har sannsynlegvis taubana i hagen sin. Eggen er sannsynlegvis kjøkenet hans. Restauranten har golv-til-tak-vindauge og er bygd i lokalt produsert treverk. Det finst få restaurantar med betre lukt eller utsikt.

På vegen opp og ned, spør nokon om å forklare hòlet i fjellet. Når dei bygde gondolen og Eggen, brukte dei ein banbrytande ingeniørteknikk som bora heilt frå fjorden og opp til toppen for å føre røyra opp til bygget. Eg har aldri vore så oppslukt av ei historie om avløpsleidningar før.

Storfjord Hotel

Siste stopp, for å gjere reisa tilbake til Ålesund flyplass raskare og enklare, var Storfjord Hotel.

Bill Gates budde der. Så det er ikkje eit dårleg hotell akkurat. På kanten av ei klippe kjennest hotellet avsidesliggjande. Rommet er fylt med innebygde Bluetooth-høgtalarar, fleire peisar og store bad - som dei mest luksuriøse hyttene. Eg hadde også eit utendørs sitjeområde. Eit høgdepunkt på opphaldet var å sitte i ein jacuzzi medan snøen fall. Eg kosa meg med eit par øl, og stirra på folk som hadde pengar og difor ikkje hadde med seg medbrakt frå lokalbutikken.

Middagen var ein fem-rettars reise frå suppe til biff tartar i ei stor spisestove i tre. Så var det tilbake til verkelegheita med ein køyretur til Ålesund klokka 6 om morgonen, for å ta flyet til Oslo og deretter til Gatwick. Det var ingen sjåfør som møtte meg der. Han må ha vore sjuk.

(Jonathan Dean var gjest hjå Norwegian Air (norwegian.com) og Up Norway, som tilbyr fire netter med halvpensjon på ein Succession-inspirert tur på Juvet Landscape Hotel frå kr 46.200 per person, inkludert bileige og aktivitetar (upnorway.com).

Link til orginalartikkel: The Times.co.uk_my-scandi-weekend-as-a-succession-billionaire

 

Aktuelt i Fjord

09.01.2024

Fjord Business 2023

Fjord Business 2023 - Årets siste møte i Fjord Næringsforum.

04.12.2023

FJORD BUSINESS 2023!

Fjord Næringsforum og Seniorøkonom i Sbm. ser framover!

08.06.2023

Bli kjent-tur

26. mai ble det arrangert en fantastisk tur for ukrainske flyktninger i Fjord kommune

02.05.2023

Skremmande moro escapelabyrint i Valldal

I Valldal kan du oppleve eit ekte eventyr! I ein skummel, men veldig morosam escapelabyrint, kan du teste kor modig du eigentleg er.

27.08.2021

Live with joy!

I Syltegata i Valldal finn du Gutta Krutt Iskremoase