Artiklar > Til minne om Nikka

Til minne om Nikka

Til minne om Nikka

Til minne om Nikka

Foto: Sissel Brunstad.  Frå Nikkas 106 års dag.

Sissel Brunstad hadde eit nært forhold til Nikkoline Myren Grønning, også kjent som Nikka.

Gjennom sitt arbeid i NRK var det Brunstad som produserte dei fleste tv-programma, radioinnslaga, nettsakene og tv-dokumentaren om Nikka. Desse programma fokuserte på Nikkas bakst og bevaring av tradisjonell matkultur, og på hennar bemerkelsesverdige liv og entusiasme for lokale mattradisjonar.

Nikka frå Valldal blei kjent for sitt handverk innan baking og for bevaring av matkultur, og ho blei heidra med Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid. Hennar liv og bidrag til norsk matkultur blei verdsett av mange, og gjennom Brunstads arbeid blei Nikkas historie og kunnskap delt med eit breiare publikum via NRK.

For meir informasjon om Nikka Myren Grønning, kan du sjå om livet og levemåten hennar i Tv-dokumentaren:

Leve Livet heile livet. " .

NRK sin nettside   ligg også dei fleste andre tv-innslaga om henne. Meir å lese om Nikka ligg også ute på Wikipedia


Sissel Brunstad si siste helsing til Nikka.

"Det hender av og til i livet at ein møter eit menneske som gjer djupt og uutsletteleg inntrykk.

Eit slikt menneske var Nikka.

Det er 23 år sidan eg møtte Nikka for første gong, og det har vore ei sann glede å følgje henne gjennom desse åra. 

Eg vart kjent med henne då eg skreiv bok om den gamle sunnmørsjula, og forstod straks at her var det ei som burde vere aktuell for tv.

Og no er det over 20 år sidan dei første tv-innslaga med henne blei laga. Ho har vore med utallege gonger på NRK gjennom radio, tv og i saker på nettet.

For NRK er dette ganske så eineståande; vi trur dette er første gong at NRK har følgt ein person over så langt tidsspenn. 

Nikka hadde humor, slagferdighet og eit kvardagsliv som vekte mykje hjå mange.

Hovudprogrammet om livet hennar var dokumentaren "Leve livet, heile livet" med kollega Bernt Baltzersen som fotograf. Det viste seg at Nikka var eit naturtalent som forstod tv-mediumet. Ho tok regi frå første scenene, og kom sjølv med gode forslag og innspel. Då var ho 96 år gamal. Bernt og eg var einige om at ho kunne ha vore den argaste skodespelaren. Fantastisk!

  Ho erobra hjartet til unge og gamle i heile landet. Svært mange unge har sagt at dei skulle ynskje dei hadde hatt ei slik bestemor. Eg trur Nikka kanskje fylte eit tomrom, ein lengt, eit sakn i eigne liv hos folk i alle aldrar.

Av alle tilbakemeldingane vi har fått, ser vi at ho har vore ein sann inspirator for svært mange: Mange torde mellom anna å prøve seg med baking etter å ha sett bakargleda hennar. Likeins drista dei seg til å lage anna tradisjonsmat som grisesylte, safting /sylting og rømmegraut.

Eg opplevde at Nikka fann kvardagsgleda i det meste: begeistra når smørkladden til baksten var akkurat passe mjuk når ho skulle bake, at bykatten svinsa innom kjøkkenet og hoppa opp på fanget hennar, at ein nabo stakk innom, og når nokon i slekta, venner og andre slo på tråden til henne. Ho viste at dei små tinga ofte gir stor glede.

Den største gleda hennar var sjølvsagt familien. Barn, barnebarn og oldebarn var utan tvil rosene langs vegen hennar.

Tenk at ho budde heime til ho var over 102 år! Familien var ei stor støtte, med Jon Bjørn som budde nærast i spissen med assistanse og hjelp etter kvart som det trongst. Vi såg også det usevanleg gode naboskap ho var omgitt av.

På vegner av NRK og meg sjølv vil eg takke familien for at de var så positive. Det var ikkje få gongar vi invaderte hus og heim i Myra eller stakk av med Nikka for opptak. Vegen var brøyta, kjøkkenet varmt og godt. Sommarstid var hagemøblar sett ut og alt lagt til rette for oss.

Vi er glade for at Nikka kan spele ei rolle i folk sine liv vidare. Innslaga og dokumentaren med henne ligg ute på NRK sine nettsider, og blir spela og delt heile tida. No er ho endåtil på TikTok, der svært mange unge er. Der har ho jammen blitt litt av ein slager med masse kommentarar og likes.

Takk, du eineståande Nikka, for alle dei fine, humørfylte og gode stunder du delte med oss alle.

For eigen del takk for læring, for vennskap og alle dei gode samtalen vi hadde gjennom 23 år.



Du blir aldri gløymt."


Helsing frå Sissel og alle dei andre ved
NRK Møre og Romsdal

Sissel Brunstad 14.11.23


 

Aktuelt i Fjord

27.04.2023

Ei helg som som Succession-milliardær i Valldal

Vil du dra til Norge og leve livet som ein Succession-milliardær?