Artiklar > Besøk Veiga Mathus i Eidsdal
Besøk Veiga Mathus i Eidsdal
I vinter opna det nybygde Veiga Mathus på Veiberg i Eidsdal. Primus motor bak den nye satsinga er Kirsti Indreeide.
Omlag 3 km frå Eidsdal sentrum i retning Geiranger, ligg den vakre garden Veiberg. Det er Kirsti Indreeide som i dag driv garden som ho tok over etter faren for nokre år sidan. På garden ligg også Eidsdal Camping & Feriehus. Kirsti bestemte seg tidleg for å utvikle garden og satse for å skape seg eit levebrød der.
I vinter stod nye Veiga Mathus ferdig. Med litt støtte frå det offentlege har ho klart å bygge opp eit solid næringsbygg. I den nye låvebygningen som no står ferdig, ligg også resepsjon for Eidsdal Camping & Feriehus.
Veiga mathus
Med Veiga mathus har Kirsti ynskt å skape eit innbydande næringsbygg som kan formidle kulturhistorie og generere heilårsinntekter frå produksjon og sal av lokal mat. Det nye låvebygget inneheld resepsjon, kontor og serveringslokale samt eit topp moderne storkjøkken. Både kjøkkenet og serveringslokalet kan leigast for ulike arrangement, og ho kan også servere middag til selskap og bedrifter.
"Opp av asken"
Den gamle løa brann ned til grunnen i 2017, og det har kosta rundt 3 millionar å byggje opp att eit moderne næringsbygg. Kirsti har drøymt og planlagd seg fram til det ho håpar skal bringe endå fleire turistar til Eidsdal: kvalitetsmat kombinert med naturopplevingar.
Stolte Anton
På slutten av fjoråret kjøpte Kirsti den lokale produksjonsbedrifta Stolte Anton som produserer kvalitetsprodukt av frukt og bær frå lokale gardar. Denne bedrifta ynsker ho å utvikle vidare, tilby nye smakar og auke salsinnsatsen. Dei utsøkte produkta får du kjøpt på garden. Stolte Anton kan du lese meir om her.