Du er her: Forside > Kvardag > Fritid

Fritid

Fjord byr på kjekke aktivitetar for store og små. Du treng ikkje kjede deg! Nedanfor finn du meir informasjon om kulturlivet vårt og ulike forsamlingshus.

Kanskje du vil ri på hest, padle kajakk eller ta ein tur i slalombakken? Suse over elva i ei zipline eller teste klatreveggen innandørs? Prøve randonee-skia eller trialsykkelen? Spele klarinett eller gitar, sjakk eller playstation? Gå på skikafe eller kaffibar eller ungdomsklubb?

I Fjord finn du alt dette - og endå meir!

Fritid
31.01.2022

Kulturliv

Frivillig arbeid er ein fin måte å bli kjent med andre menneske og plassen du bur på.

26.07.2021

Idrettshallar og forsamlingshus

Kommunen vår har gode fasilitetar for innandørs aktivitet. Vi har to idrettshallar, i tillegg til ullike typar forsamlingshus i alle bygdelaga.

Lag og organisasjonar

Fjord Klatreklubb

Klatreklubben ønsker å legge til rette for eit klatretilbod som er lett tilgjengelig og lav terskel for deltaking.

Norddal idrettslag

Norddal Idrettslag - Aktivitet, friluftsliv og dugnadsånd for alle!

Ruggå 4H

Ruggå 4H er ein 4H klubb som har sine røtter i Fjørå. Vi har no medlemmer frå Tafjord, Fjørå, Valldal og Stordal. Medlemane er frå ca 6-18 år.

Stordal IL

Stordal Idrettslag si undergruppe Fjellservice køyrer opp skiløyper i øvre Stordal.

Valldal skulekorps

Valldal skulekorps er eit janitsjarkorps med drilltropp frå jordbærbygda Valldal