Fritid
Fjord byr på kjekke aktivitetar for store og små. Du treng ikkje kjede deg! Nedanfor finn du meir informasjon om kulturlivet vårt og ulike forsamlingshus.
Kanskje du vil ri på hest, padle kajakk eller ta ein tur i slalombakken? Suse over elva i ei zipline eller teste klatreveggen innandørs? Prøve randonee-skia eller trialsykkelen? Spele klarinett eller gitar, sjakk eller playstation? Gå på skikafe eller kaffibar eller ungdomsklubb?
I Fjord finn du alt dette - og endå meir!

Idrettshallar og forsamlingshus
Kommunen vår har gode fasilitetar for innandørs aktivitet. Vi har to idrettshallar, i tillegg til ullike typar forsamlingshus i alle bygdelaga.
Lag og organisasjonar
Eidsdal/Norddal Røde Kors
Røde Kors er ein beredskapsorganisajon som er til stades i lokalsamfunn over heile landet - før, under og etter ei krise.
Ruggå 4H
Ruggå 4H er ein 4H klubb som har sine røtter i Fjørå. Vi har no medlemmer frå Tafjord, Fjørå, Valldal og Stordal. Medlemane er frå ca 6-18 år.
Valldal Hornmusikklag
Valldal hornmusikklag er eit janitsjarkorps med medlemmer frå bygdene på indre Sunnmøre. Vi øver på Martin Linge-huset.
Valldal Idrettslag
Valldal Idrettslag har solide tradisjonar for idrettsglade valldalingar.
Valldal skulekorps
Valldal skulekorps er eit janitsjarkorps med drilltropp frå jordbærbygda Valldal