Du er her: Forside > Kvardag > Fritid

Fritid

Fjord byr på kjekke aktivitetar for store og små. Du treng ikkje kjede deg! Nedanfor finn du meir informasjon om kulturlivet vårt og ulike forsamlingshus.

Kanskje du vil ri på hest, padle kajakk eller ta ein tur i slalombakken? Suse over elva i ei zipline eller teste klatreveggen innandørs? Prøve randonee-skia eller trialsykkelen? Spele klarinett eller gitar, sjakk eller playstation? Gå på skikafe eller kaffibar eller ungdomsklubb?

I Fjord finn du alt dette - og endå meir!

Fritid
31.01.2022

Kulturliv

Frivillig arbeid er ein fin måte å bli kjent med andre menneske og plassen du bur på.

26.07.2021

Idrettshallar og forsamlingshus

Kommunen vår har gode fasilitetar for innandørs aktivitet. Vi har to idrettshallar, i tillegg til ullike typar forsamlingshus i alle bygdelaga.

Lag og organisasjonar

Eidsdal-Norddal pensjonistlag

Målet vårt er å kome saman i sosialt fellesskap.

Mental Helse Fjord

Mental Helse Fjord legg vekt på trivsel og fellesskap og tilbyr ulike møteplassar innandørs og ute i naturen.

Norddal Husflidslag

Norddal husflidslag vart stifta 4. februar 1973. Logoen til laget er ei trykkrose etter han ?Fargar-Iver?

Stordal og Liabygda pensjonistlag

Pensjonistforeninga har sine faste medlemsmøter første onsdag i kvar månad. Møta vert halde på Grendasalen frå kl. 14.00 og utover nokre timar.

Valldal bygdekvinnelag

Valldal Bygdekvinnelag har om lag 35 medlemar og er knytta til Norges Bygdekvinnelag.

Valldal Helselag

Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeiningar over heile landet.