Artiklar > Tips til ein aktiv sommar

Tips til ein aktiv sommar

Tips til ein aktiv sommar

Her er nokre tips til kva du kan finne på i Fjord - både ute og inne!

Nytt av året er at du kan bli med på to-timars guida tur til Hofseth sin visningsflåte "Ivar Heggen" og oppdrettsanlegget på Vindsneset, med den elektriske båten Hofseth Zero. Turar frå Valldal kvar dag kl 11 og 14. 

På Veiberg i Eidsdal ligg den freda husmannsplassen og kulturminnet Severinbrauta. Her kan du få guida omvisning. Lengst oppe i Norddalen kan du besøke Herdalssetra, ei seter i full drift. Du kan også besøke den veg- og straumlause fjellgarden Ytste Skotet, som ligg på ei fjellhylle 225 meter over Storfjorden. Den fråflytta fjellgarden har hatt busetting heilt sidan vikingtida, og vert i dag drifta som eit levande museum av Storfjordens Venner. Du kjem hit med båttransport frå Dyrkorn og Vaksvika.

I Stordal ligg den vakre Rosekyrkja som er vel verd eit besøk. I Løsetstova like ved kyrkja kan du også besøke sommarutstillinga til dei lokale kunstnarane Lottie van Dijk og Sølvi-Lill Seljebotn. Sylte kyrkje i Valldal er også open for sjølvbetjent omvisning mellom kl 09-21 alle dagar fram til 13. august. Her kan du også stemple pilegrimspasset ditt om du skal gå Valldalsleden. Tilknytt pilegrimsleia finn du også tre utebibliotek-kasser, der du kan sette deg ned og lese litt. Du kan også laste ned audioguideappen Voice of Norway, der du kan gå "Pilegrimsvandring i Valldal" i ditt eige tempo, og få historier og nyttig informasjon akkurat der du er!

Det er også mange arrangement å delta på framover; Pilegrimsseglas med Borgundknarren frå Ålesund til Valldal 22. juli, omvisning i Borgundknarren i Valldal 23. juli, motbakkeløp Mefjellet Opp i Fjørå 23. juli, folkefesten Olsok i Valldal, olsok-konsert i Rosekyrkja i Stordal og olsokdans på Kulå i Valldal 29. juli. 19. -20. august kan du bli med på Langseterdagane i Stordal.

I Valldøla kan du rafte, og seinare på sommaren når elva blir mindre, er det mulegheiter for juving. Uteguiden og Ræin tilbyr guida turar, kurs og utleige av utstyr til mange aktivitetar, mellom anna padling, SUP og sykling. Familieparken Valldal Aktivitetspark har klatreløyper og kjekke aktivitetar for liten og stor. I Stordalselva er det laksefiske frå 24. juni til 06. august. Valldøla er stengt for fiske sesongen 2023. Likar du å spele frisbeegolf? Då må du ta turen og prøve 18-hols bana på Jemtegård Feriesenter. I Tafjord Friluftsbad kan du bade utendørs i oppvarma basseng med utsikt til fjella omkring. Tafjordbygda kan også by på rappellering på Zakariasdammen, kraft- og skredutstilling, escaperoom og klatring i klatrevegg, alt med utgangspunkt i opplevingssenteret Ville krefter. Skulle veret bli litt grått og vått ein dag kan du prøve ein runde bowling på Kulå bowling eller teste ut escape-labyrinten Trolldungeon, vegg i vegg med Kulå. Labyrinten er mørk, skummel og full av overraskingar. Ein annan ting som kan anbefalast, er å og bestille deg ei yoga- og spaoppleving hjå Meretes Garden.

Her er også mange moglegheiter for vandring langs merka stiar, både korte enkle turar og lange krevjande turar/toppturar. Her finn du ei oversikt over lenker til turforslag på nettet. Du får også kjøpt fotturkart og turguidebøker på lokale butikkar og overnattingsstadar.

Full oversikt over alle opplevingar i Fjord kommune finn du her.

Full oversikt over kva som skjer av arrangement finn du her.

God sommar, og velkomen til oss i Fjord!

 

Aktuelt i Fjord

23.11.2023

Opplev julemagi i Skomakargata i Valldal

Når julelysa blir tent i Skomakargata i Valldal blir gata forvandla til eit lysande vinterlandskap.

09.11.2023

Velkomen til Jul i Skomakargata

Sidan 2019 har det vore julestemning i Skomakargata i Valldal.

02.11.2023

Filosofien om høstkos

Hvis du tror at den beste tiden for interessante turer er over med sommeren, så tar du veldig feil. Tross alt, hvis du tenker på det,

19.10.2023

Inspirasjonswebinar 25.10 til migranter fra Ukraina

Vi inviterer alle lokale innbyggere som ankom fra Ukraina til webseminaret

12.10.2023

Lokalmathaust i Fjord

Lokalmathaust i Fjord

01.09.2023

"Nullpunktet": Nytt landemerke for Valldalsleia

Avslutning på byggjetrinn 1 i Tettstadutviklingsprosjektet i Valldal