Artiklar > På bærtur
På bærtur
Kjøkkensjefen på Juvet Landskapshotell, Christopher Schønefeld, har starta bedrifta Bærtur Kulinariske og brenn for sjølvforsyning og berekraftig lokalmat.
Frå eit tilvere som urban Michelin-kokk, fram til i dag som kjøkkensjef på Juvet landskapshotell i Valldal, har Christopher Schønefeld arbeidd med å auke kunnskapen om kortreist mat. Ikkje minst er han opptatt av det rike mangfaldet av råvarer vi har i naturen rundt oss. «I dag har maten vår reist lenger enn nokon gong for å komma til bordet vårt»,
Christopher argumenterer for korleis sjølvforsyning og ei berekraftig kortreist matforsyningskjede kan bidra positivt til miljøet, lokalsamfunna og viktigast av alt - til magen. Gjennom sitt eige firma «Bærtur Kulinariske» utviklar han eigne produkt basert på lokale råvarer. Christopher har òg vorte invitert til å halde innlegg i Ted Talks, som er eit internasjonalt forum med stor rekkjevidde, der verdas leiande tenkjarar presenterer sine refleksjonar og forskingsresultat. Her snakker han om den universelle ingrediensen som all lokalmat inneheld, og som alle har tilgang på.
Christopher sin TED Talk kan du sjå her : TED Talk_ The universal Ingredient.
About TED Talks
TED is a nonprofit organization devoted to Ideas Worth Spreading. Started as a four-day conference in California 30 years ago. The two annual TED Conferences invite the world?s leading thinkers and doers to speak for 18 minutes or less. Many of these talks are then made available, free, at TED.com. TED speakers have included Bill Gates, Jane Goodall, Elizabeth Gilbert, Sir Richard Branson, Nandan Nilekani, Philippe Starck, Ngozi Okonjo-Iweala, Sal Khan and Daniel Kahneman.
Velkomen til Jul i Skomakargata
Sidan 2019 har det vore julestemning i Skomakargata i Valldal.
Filosofien om høstkos
Hvis du tror at den beste tiden for interessante turer er over med sommeren, så tar du veldig feil. Tross alt, hvis du tenker på det,
Besøk Veiga Mathus i Eidsdal
I vinter opna det nybygde Veiga Mathus på Veiberg i Eidsdal. Primus motor bak den nye satsinga er Kirsti Indreeide.